Filmen er stilistisk ambisiøs og slenger veldig mykje forskjellig på lerretet, inkludert nokre sexscener som kan opplevast som særs drøye, trass at dei ikkje viser noko som er overdrivent eksplisitt. Nokre scener er herlig absurd-komiske, medan momentumet stoppar heilt i andre. Lovande debutfilm.
Posts by Kristian
Film 12: Fucktoys (USA, Annapurna Sriram)
I ein skitten, fiktiv amerikansk by i John Waters-land speler regissør og manusforfattar ein sexarbeider ved namn AP, som strever for å samle saman 1000 dollar, slik at eit medium kan fjerne ein forbannelse ho visstnok har over seg.
Film 11: Broken English (UK, Iain Forsyth & Jane Pollard)
Dokumentar om Marianne Faithful, med rammeforteljing om eit fiktivt "Ministry of Not Forgetting" (leidd av Tilda Swinton og George McKay), som set saman opptaka me ser. For meg som ikkje er særleg kjent med ho, var det særs fascinerande.
Dette vart festivalens store overraskelse! Ikkje at eg gjekk inn med negative forventingar, men denne traff so bra med alt frå tidskolorittt og score til kjemi mellom hovudpersonane og drøye twister. Det var ikkje alle eg pratte med etterpå som følte det same, men for meg var dette topp!
Film 10: Honey Bunch (Canada, Dusty Mancinelli & Madeleine Sims-Fewer)
I Canada på 70-talet besøker eit ungt ektepar ein noko mystisk klinikk for å fikse hukommelstapet til kona, Diana. I løpet av behandlinga begynner ho å sjå uhyggelege syner, og føler at folk rundt ho oppfører seg litt rart...
Film 9: Queens of the Dead (USA, Tina Romero)
Dattera til George lager ein zombie-film i klassisk stil, satt på ein skeiv utestad i New York same kveld som dei skal halde drag-show. Endå ein film som treff meir eller mindre perfekt på tonen dei prøver på, og vil underhalde deg om du er i rett humør
Ein klar homage til gammaldags fantasy-film, med flotte corny effektar og ein stort sett useriøs tone. Minnar om Army of Darkness, sjølv om Daniel Bernhardt ikkje kan samanliknast med Bruce Campbell. Om du går inn med rette forventingar blir du ikkje skuffa.
Film 8: Deathstalker (Canada, Steven Kostanski)
Remake av ein sword-and-sorcery-(dessverre ikkje "sworcery")-film frå 80-talet, om den titulære bounty hunteren som (noko motvillig) må slost mot den onde Abraxeon og hans Dreadites.
Dette var ein slow burn horror-ish film med ei fin uggen stemning, som held på mysteriet sitt omtrent so lenge som mogleg, før det endar deilig surrealistisk. Til tider litt overdrivne lydeffektar, men det tilførte eigentleg berre meir weirdness på ein måte som ikkje traff frå den noko.
Film 7: The True Beauty of Being Bitten by a Tick (USA, Pete Ohs)
Yvonne besøker ei venninne som har fått seg hus på landet. Lite visste ho at det var fleire uventa husgjester der, som er... vel... merkelege på eit vis.
Stoppa visst opp med postinga under festivalen, men for min eigen sinnro må eg nesten fullføre sjølv om det er lenge sidan no:
Historia og hovudpersonen er veldig interessant, og denne kortare versjonen spikka visst ned veldig mykje for å fokusere på korleis ting påverka familien til Bjørn. Dette funkar stort sett bra, men då rulleteksten kom skulle eg ønske det var litt meir å sjå. Mogleg serien er meir tilfredsstillande.
Film 6: The Lives of My Father (Norge, Magnus Skatvold)
Dokumentar om Bjørn Hallstrøms sprøe liv som undercover-agent for CIA. Ein forkorta versjon av NRK-serien Agent. Relativt streit fortalt, med nokre innslag av innspelte, illustrerande scener i Errol Morris-stil.
Filmen har ein eim av Dogtooth (noko regissørane bekrefta i spørrerunden etterpå), men for meg klarte den knapt vere ein brøkdel so engasjerande som inspirasjonen. Too slow, not enough burn.
Film 5: Glorious Summer (Polen, Helena Ganjalyan og Bartosz Szpak)
Tre kvinner bur åleine i ein herregård dei ikkje får forlate, og følger instruksar frå ein slags computer elns for å skulle leve mest mogleg "strålande".
Filmen gjer nokre enkle, men effektive grep som flyttar oss mellom barnas og farens perspektiv på ting. Det er plenty med tydeleg foreshadowing, men når det forventa speler seg ut treff det likevel. Festivalens beste for meg so langt.
Film 4: My Father's Shadow (Nigeria, Akinola Davis Jr.)
Sjølvbiografisk om 11 år gamle Akinola og broren, som får vere med far sin på ein tur til Lagos i kjølvatnet av det tilsynelatande suksessfulle demokratisk valget i 1993.
Filmen dekker mykje kjende tema, men har ein truverdigheit og energi i rolleprestasjonane som gjer at det funkar. Reaksjonen til Rico i siste sekvensen er priceless og eit perfekt ikkje-punktum for historia hans.
Film 3: Mad Bills To Pay (USA, Joel Alfonso Vargas)
Om Rico, ein 19-år gammal, andre gen dominikanar i NYC som blir uplanlagt gravid med ei yngre jente, og må prøve å vakse opp litt kjappare enn tenkt, og det går ikkje akkurat på skinner.
Den tar nokre uventa svingar (ikkje berre på elvebåten til Rodrigo Santoro) og siktar stort sett for ein feel-good stemning trass mørkare undertoner. Ikkje rart det er ein publikumsfavoritt.
Film 2: O Último Azul (Brasil, Gabriel Mascaro)
Relativt lettbeint satire om eit samfunn kor eldre folk blir tvangspensjonert og fjerna frå samfunnet ved ein viss alder, og ei kvinne som forsøker unngå denne skjebna.
Diverre funka ikkje måten ho har fragmentert og satt saman igjen sekvensane, og lagt oppå ein poetisk voice-over særleg for meg. Men eg blir ikkje overraska om den kan resonnere mykje sterkare for andre.
Årets Kosmorama-logg!
Film 1: The Chronology of Water (USA, Kristen Stewart)
Rått og (tilsynelatande) utleverande om sykluser av mishandling og avhengigheit, basert på eit memoir. Syns Stewart prøver mykje spennande i regi-debuten, og spesielt lydbildet var tidvis veldig effektivt.
Insane film. Digga den!
Ryan Moulton @moultano Oil is the most Lovecraftian thing that actually exists. You're telling me that there's a black ichor under the earth, made from the ancient dead, whose burning can realize all the dreams of man but only at the price of slowly returning the earth to its primordial state?
Om du no tenker: «Oi, må eg vere so god for å ha noko å gjere i kviss-NM», so er svaret definitivt «Nei». Eg tør påstå at dersom du regelmessig klarte ein eller to av fem om dagen og (viktigast av alt) hadde det kjekt med spørsmåla, då kan NM vere for deg» 😊 (so lenge du ikkje forventar medaljar 😜)
Fredrik, fjorårets 10. plass i NM og kvissbokforfattar for Cappelen Damm, klarte imponerande 135 av 161 spørsmål! Dette veit eg er (så vidt) foran ein utøvar som tidlegare har vore på A-landslaget i kviss, og representerer difor ein veldig god score frå ein særs rutinert kvissar.
Sidan dette mest var meint for moro skuld har eg ikkje samla saman scorar til ei full resultatliste. Men eg kan sjå for meg at nokre syns det er kjekt å vite kor toppnivået ligg, og difor tenkte eg løfte fram det som potensielt vart den høgast-scorande deltakaren i sommar.
Satsar på at mange føler seg godt oppvarma til haustens store konkurranse, og at kanskje nokon som ikkje var so gira frå før fekk lyst til å delta.
Tusen takk til alle som har følgt med på sommarens #FemMotNM. Det har vore ein god gjeng kvissarar som har deltatt på ein eller anna måte, anten ved å kommentere i feltet, klikke liker på postane, eller sende meg sine svar på PM – både på bluesky og i andre kanalar.