Det der tenker eg på og. «Trur du nokon vil reagere på at vi ikkje har TV», spurte eg faktisk mannen min om før vi skulle ha visning på hytta vår i dag. Vi har liksom tenkt å skaffe oss TV, men har aldri kome så langt. Sikkert fordi vi scrollar for mykje. 😅
Posts by Ingebjørg E. Nondal
2/2:
Kva var eigentleg forhistorien til Beate Lønn, ho med absolutt ansiktshukommelse, og Tom Waaler? Og kva var det eigentleg som vart sett på opptak, då Harry Hole ringer inn til politihuset like før han skal inn på cella til Aminov?
Har sett Netflix-serien om Harry Hole. Eg har spørsmål:
1/2Fekk vi vite kva som skjedde med leigebuaren til mor til Aminov? Og kva var greia med mannen til Ane Dahl Torp? Var han berre ein creepy fyr som tilfeldigvis snakka svensk med nokon i taxien? Og kva hadde sykkelmordaren eigentleg på kneet?
Eg måtte sjå på dette bilde ei lang stund før eg forstod at det var sau, og ikkje puddel. 😆
Gratulerer! Så UTRULEG nydeleg!
JA!! Det håpar eg òg! Det med badinga, altså! Ganske sikker på at eg kjem til å like boka. Synest alt du tar i blir til gull! 👏
Hurra!! Gratulerer! Den der gler eg meg skikkeleg mykje til å lese! ✨
Så fint at du greier å øve! Heiar på deg, og håpar du får blikkontakt og smil av nokon. 💖
Elskar dette! 😍
Rågod bok! @gietlitevink.bsky.social er ein undervurdert forfattar som har fått altfor lite oppmerksomhet i offentligheten. Gler meg til den nyaste boka kjem no i februar!
Så fint at vi er fleire som ønsker oss dette ❤️
Åh! Så utruleg vakkert!
Prøv å Google "ras Lausasteintunnelen" så ser du at det der skjer både tidt og ofte. Mvh. ei som køyrde i eit ras der i 2017.
Ikkje debatt, men appellen "Fitta mi er fin" frå Ta ordet-konkurransen fungerte overraskande bra i YF-klassen min tidlegare i haust. (Eg kan sende deg lenke om du ikkje finn i Ta ordet-arkivet, ikkje google).
Eg elskar det biletet av Hanna Kvanmo!
Ja, det er ganske enkel matematikk.
Eg har ikkje sett nokon av desse reklamane, trur eg.
Oj, gøy! Kjekt at du synest eg virkar oppegåande ut frå det vesle eg har delt her inne. Eg har ikkje heilt kome skikkeleg i gang her på Blueskye enno (men er til gjengjeld hyperaktiv på LinkedIn, om nokon vil sjekke om påstanden din held vatn). Stas at eg vart følgar nummer 700! 🎉
Edit: Eg hadde ELSKA å få geriljabroderi i julegåve, skulle det stå. Det mangla eit viktig ord i svaret over der, ser eg.
Eg hadde å få geriljabroderi i julegåve!
Ja, men dersom nokon er sjuk for eksempel to dagar, og det berre er i kroppsøving ein har gått over 10%, får ein då berre legeerklæring for kroppsøvingstimane? Grunnen til at denne endringa er gjort, er jo for å redusere belastninga på helsevesenet, men på denne måten vil belastninga kanskje auke?
Men korleis blir det når ein oppnår ulik prosent for ulike fag? Kan legeerklæringen berre brukast for f.eks. kroppsøving når ein har kome opp i 10 % der, men ikkje i norsk og engelsk?
Eg elskar denne tråden! Håpar du samlar alt i ei Spotifyliste du deler her. Dette dansar eg til mellom videomøta mine på jobb, og ville nok dansa til desse i bryllup og: open.spotify.com/playlist/7Ce...
Nei, ein kan ikkje vere anonym på Hudd. Ikkje algoritmestyrt, så du får kronologisk feed, og du slepp at dei sel data om deg til andre. Det er både nabolagsgreie og litt Facebook-greie, slik eg ser det. Og eit betre alternativ til foreldregruppe-kommunikasjon enn f.eks Messenger.
Ja, vi har forbrukermakt.
Eg har også sletta Meta av idealistiske grunnar. Eg er på Hudd, og ventar tolmodig på at folk skal kome etter.
Skjermdump frå lokalavisa Hardanger folkeblad. Bilete av ein gjeng som spelar trekkspel, med biletteksten: "No startar sommarferien: - Det vert nok litt ymse
Men aldri så gale at ikkje trekkspel kan gjere det verre?
Kan eg plis få lov til å bestemme sjølv når eg vil bruke generativ KI? Det er mykje bra med språkmodellar, men dette AI-søket til Google er berre irriterande.
2) Ho fortalte korleis ho leita i ulike sjangrar, og sa "Det kunne eg ha sagt", og så forklarte ho kvifor det ikkje passa så godt, samtidig som ho fekk fram mange gode poeng. Ho avslutta med noko slikt som "Så eg seier berre TUSEN TAKK".
Beste festtalen eg har høyrt nokon gong!
1) Ikkje heilt det same, men Dagrun Skjelbred hadde ein nydeleg takketale då ho fekk LNU-prisen under årets LNU-konferanse. Skjelbred er vel i stor grad modelltekstens mor, og ho gjorde ein nydeleg poeng av bruken av mønstertekstar i talen sin.