Advertisement · 728 × 90

Posts by Nettserier.no

Great! Your submission was successful! Thank you for applying to the Oslo Comics Expo 2026 marketplace.

Great! Your submission was successful! Thank you for applying to the Oslo Comics Expo 2026 marketplace.

Welp. Lenge sidan sist eg gjorde noko sånt no, men... vi sjåast 12.-13. juni?

3 weeks ago 1 1 0 0
Preview
Marknadsundersøkelse, salg av digitale teikneseriar Nettserier.no fyller 20 år i 2026, og eg jobber med eit par nye funksjonar til nettstaden for å markere jubileet. Dette skjemaet er meint å vera ei kartlegging av kor stor interesse det vil vera for d...

Prøver å kartleggja litt i samband med funksjonane eg sit og jobbar med.

Dersom du er teikneserieskapar, hadde du gidda å svare på dette skjemaet?
forms.gle/36T1pWsPbtQu...

Og dersom du kjenner andre teikneserieskaparar du trur kan vera interesserte, hadde du gidda å dele det med dei?

Tusen takk!

3 weeks ago 4 9 0 1

(Og ja, den gode gamle topplista bør framleis vera tilgjengeleg ein stad, den har absolutt framleis ein verdi. Men det er ikkje den ein trenger å gi kremplasseringa på framsida, nei.)

1 month ago 1 0 0 0

Det er absolutt planen! Har eksperimentert litt med ein modell som vekter og gir høgare score til nyare følgjarar, sånn at ein serie som har fått ein ny følgjar i 2026 og to i 2025 vil rankast veldig mykje høgare på topplista enn ein serie som fekk tre nye følgjarar i 2014, og det ser veldig bra ut!

1 month ago 1 0 1 0
Video

Ei av endringane eg vurderer for å gjera designet på Nettserier meir moderne: Å bytte ut alle dei svære serie-rutenetta på framsida (Nyleg oppdaterte seriar, Nyaste album, Populære seriar og Nye seriar) med netflixaktige radar med seriar der du kan skrolle til høgre/venstre for å vise fleire seriar.

1 month ago 3 0 1 0
serienett.no Serienett er Norges nettsted for tegneserieanmeldelser. Vi favner bredden i tegneserienorge og anmelder både de faste månedsblader, enkeltalbum og fanziner. Vi skriver om det meste vi kjenner til av t...

Ser i kulturkalenderen til Serienett.no at Oslo Comics Expo visstnok blir 11.-13. juni i år. Altså ... tre dagar før Nettserier-jubileet.

Føler nok eg kan seie med 99 % sikkerheit at eg kjem til å ha stand der i år.

1 month ago 6 2 0 0

Burde striper på Nettserier ha ein Liker-knapp?

Eg mislikte ideen for femten år sidan fordi det føltes som ein funksjon som i verste fall ville få folk til å slutte å skrive kommentarar, men no som det er så lite kommentarar der uansett er det kanskje betre enn ingenting?

Eller?

1 month ago 1 2 1 0
Video

Eksperimenterer med rutevisningsmodus. Serieskaparen markerer i stripa/sida kvar rutene er, slik at brukarar på mindre skjermar kan velja å vise berre ei rute om gongen og enkelt bla mellom dei. Planen er at markerte ruter òg kan brukast t.d. ved eksport til Instagram og sånt. Trur dette kan funke.

1 month ago 2 0 0 0
Advertisement

(10/10) Dersom du har lyst til å publisere noko på Nettserier tysdag 16. juni, set eg veldig stor pris på det. Hadde vore veldig gøy med ei stappfull Dagens-side då.

Inntil då kjem eg til å halde denne blueskykontoen oppdatert med sneak peeks av ting som er på veg.

Så får vi sjå kva som skjer.

1 month ago 3 1 0 0

(9/10) Men når alt kjem til alt: Om det framleis er behov for Nettserier, eller det Nettserier kan bli, i dag, er eigentleg opp til deg, og andre som deg.

Eg skal gjera mitt beste for å lage ein versjon av Nettserier eg trur at de har lyst til å bruke, og så får de vurdere om eg klarer det.

1 month ago 2 1 1 0

(8/10) Og for ordens skuld:

Nettserier skal framleis vera ein stad der du sjølv eiger rettane til dine eigne verk.

Nettserier skal framleis vera ein stad som ikkje selger personopplysningane dine.

Nettserier skal framleis vera reklamefritt.

Og Nettserier skal vera heilt fritt for generativ AI.

1 month ago 2 0 1 0

(7/10) Det betyr at sida definitivt trenger ei modernisering.

Men samtidig trur eg det vil vera tidsriktig å hente mykje inspirasjon frå eit enklare Internett.

Det var veldig mykje som fungerte godt før sosiale medier, og eg har litt lyst til å prøve å finne tilbake til nokre av dei tinga òg.

1 month ago 2 0 1 0

(6/10) Og sjølvsagt er Nettserier òg sterkast når det bugnar av engasjerte teikneserieskaparar der, så mitt hovudmål for denne oppgraderinga er å lage eit Nettserier som fungerer så godt at DU får lyst til å bruke det igjen, anten det er som lesar eller som teikneserieskapar.

1 month ago 1 0 1 0

(5/10) For å få til det, må Nettserier kunne tilby noko meir enn det du får på Instagram, og eg har blokka full av idear.

Det kan vera nye måtar å lese seriar på, eller moglegheit til å ta betaling for seriane dine, eller enklare måtar å finne fram til gode teikneseriar på, eller andre ting.

1 month ago 1 0 1 0

(4/10) Eg trur at det kan vera det.

KANSKJE ikkje akkurat i den forma nettstaden har i dag. Men eg trur at det framleis er rom for ein stad på Internett som er skreddersydd for å gjera det enklare for deg å publisere digitale teikneseriar, og der trur eg Nettserier har stort forbetringspotensiale.

1 month ago 1 0 1 0

(3/10) Så då eg laga Nettserier, var det for å fylle eit tomrom, og gjera det enklare for norske serieskaparar å dele teikneseriane sine på Internett, på ein litt meir forseggjort måte enn å poste dei i eit phpBB-forum.

Ein kan sjølvsagt spørja seg om det framleis er behov for ei sånn side i dag.

1 month ago 1 0 1 0

(2/10) Nettserier blei offisielt opna 16. juni 2006.

Det er ikkje ei overdriving å seie at Internett så radikalt annleis ut den gongen.

Det var før Facebook opna for allmennheita, det var før Twitter og Instagram, og det var før den aller første iPhonen blei lansert.

1 month ago 3 0 1 1
Advertisement

Hei Bluesky! Er det nokre av dykk som hugsar Nettserier.no? Det har ikkje skjedd så veldig mykje der på ei stund, men no har eg byrja å jobbe med Den Store Tjueårsjubileum-oppgraderinga som *forhåpentlegvis* er klar i juni, og eg håper at så mange som mogleg av dykk har lyst til å vera med!

1 month ago 15 5 3 0