Etter ein laaaaaang vinter er det endeleg litt vanskeleg for Freyr å ta ut laget.
Posts by Sølve Rydland
Det er eit godt teikn. 17. mai er ikkje nokon kosedag, men ein dag med viktig innhald. At det kan komma noko ikkje alle kan stilla seg bak, frå ein talarstol, er ein del av det me feirar. Poenget er at det er veldig uklokt å gjera det til ein dag prega av partipolitiske preferansar, slik Oslo gjer.
Aldri vore så nervøs under ein landskamp som då. Verken før eller seinare. Heldigvis spelte Geddi seg inn i Panini-albumet, sjølv om han ikkje kom til VM.
Dersom 17. mai-komiteen i Oslo er interessert i å finna ut korleis ein arrangerer nasjonaldag, og rekrutterer folk til 17. mai-komiteen, så kan dei lesa seg opp her. Det er langt betre å støtta seg på sivilsamfunnet, slik Bergen gjer, enn å prestera å gjera dagen partipolitisk.
Då den nye landslagsdrakta vart lansert denne veka skulle den vera ei «modig og kompromissløs hyllest av Norges rike historie og nasjonale stolthet». Då er det ganske oppsiktsvekkande at bruken av det aller viktigaste norske nasjonalsymbolet er så unorsk og historielaus. www.ba.no/ein-glorete-...
Kontoen er bra. Får maks kundeutbytte frå sparebanken!
Like mange poeng som Bodø/Glimt etter to kampar! Dette går vegen.
Fordelen med tullecup er at du plutseleg kan vera i semifinalen utan at byen har fått med seg at èin eigentleg burde ha bygd opp eit umenneskeleg forventningspress.
Truleg etter ein Brann-kamp. Alle vil ha den drakta.
Usikker. Har tidlegare vore ei kampsak for kvinnelag. Er til og med påvist at det har effekt på resultat (sjølv om eg ville tatt det med ein viss skepsis): panorama.himolde.no/2023/10/26/n...
Det tenkte eg òg på.
Rett farge på kortikken, jo!
Våga ikkje å røra dei.
Dette er veldig snodig.
1. Kva lag burde vera det siste til å klaga på at kampane kjem tett, og som ikkje vil stilla til seriestart 14. mars, når andre lag spelar 15., 19., og 22. mars?
2. Sist gong seien ikkje var i gang før 15. april (utanom korona) var i 1995.
Fakta er ikkje så nøye.
Sett på Nymark: Restavfall og spesialavfall. Eller boss, om du vil.
Koffor har ingen fortalt meg at fleire av karakterane i Calle Hellevang Larsen sin nye serie er kalte opp etter gamle Brann-spelarar? Geirmund Brendesæter vert funnen død i ei campingvogn, Frank Strandli er statsminister, og Martin Andresen er kuratoren til dronninga. Må visst sjå resten òg …
Men ræveknusar, gjerne etter «ein gong ani», «gris» eller «ein gong nedi» er jo òg ein klassikar. Bevares.
Usikker. Trudde vinnarstraffe var meir enn nok i «proff og loff».
Til deg som trudde barn berre var på skjerm: Neida, på Nymarksbanen vert klassikaren «Proff og loff» utøvd av unge og håpefulle.
Bergen var ein gong byen som var villig til å satsa, sjølv om staten var gniten og treig. Nærmast utan hjelp greidde byen å bygga bygg og institusjonar som ikkje stod tilbake for noko. Den byen er ikkje heilt til å kjenna igjen. www.ba.no/kor-vart-det...
– Modig, klok og kynisk, sa Freyr i pausen. Hallo, Freyr! Dette er Brann! Her er det feig, dum og naiv som har vore oppskrifta i nesten kvar kamp sidan 1908.
Leve overtenningen!
Palle sitt skyhøge tenningsnivå smitta over på både Huseklepp og Viaplay-reporteren i før-kampen-intervjuet. Dei skrudde opp intensiteten ti hakk. For ein mann! Euro-Palle fiksar biffen i kveld. ❤️🔥🔥❤️🔥
Den norske idrettsmodellen, som dei siste dagane gar fått internasjonal merksemd, er under press og vert ofte latterleggjort på heimebane. Det er no på tide at fleire stiller opp for ein modell som ikkje berre skapar gull, men gode lokalmiljø, folkehelse, og demokratilæring.
Idrettsleiarar som veivar med flagg på avslutningseremoniar. Der har du litt av ein gjeng …
Seremoni på arenaen i Verona er fint det. Men kjem ikkje Sissel snart?
Jesus lever, iallfall, sjølv om han chilla han på benken heile kvelden.
Bjørgen: feiltrent. Alsgaard: lagt opp. Northug: fekk ikkje vera med. Hetland: feila.
Bortsett 2018, då anonyme Haga og Krüger vann, er det berre dei store skiikona som har vunne OL på distanse.
Utan stjerner vert det sjeldan gull. Mellom Formo (76) og Ulvang (92): Null individuelle gull.
Ho tok ikkje. Ho annekterte.