#lesero
Måleri av Karen Hollingsworth
Posts by Helge Torvund
#Issa
med den månen der
og ringen rundt
er våren her
Kobayashi Issa, 1814
***
Shufu Miyamoto:
"Moonlight over the lake"
Jernbanen. Glinsande hestar.
Fjerntog. Nærleik.
Me gir oss ikkje.
Verda opnar sine bregnehender
for å ta imot lyset frå framtida.
Fjerntog. Nærleik.
Me gir oss ikkje.
Verken verda
eller me.
Verda opnar sine bregnehender
for å ta imot lyset frå framtida.
Den 18. april, 1930 kom nyheitsopplesaren i BBC på lufta og sa: "THERE IS NO NEWS." Så spelte radiostasjonen musikk i den tida som var sett av til nyheiter.
Teikning av Stine Rommetveit.
Jæren i ein plakat.
Til slutt må ein setja strek.
Dersom Skøyarstreken har sin plass, og Genistreken har ein annan plass, så finst det nok ein plass midt mellom desse, der min strek bur.
Dagen byrja så fint på hospitalet, med nysteikte rundstykke til frukost. Men han vart litt usikker då det var assistenten til Frankenstein som kom for å ta blodprøver.
Any old thread will do.
Dagens veg.
Ein veg kan vera einsemda sin veg.
Men vegen kan òg vera ein følgjesvenn.
Slik marka, treet og vegen er del
av den same heilskapen som du er.
*
Images by Noémia Prada.
Alt som fell på plass
kan like gjerne falle
på denne plassen.
*
Mitt foto frå Goathland.
#filiosoFISK
Ho sat der og lurte
rett og slett
på om stor litteratur
òg kan vera lett?
#filosoFISK
Eg drøymde at
eg var nett som eg er.
Så vakna eg.
frå LYSSMEDEN
I dag skin gardina i aprilvinden
Musikken stig
Og i min kropp bankar eg lyset inn
VENT NÅ LITT
Før du kan sprette og springe ut
må du fylle ut eit par skjema
og vise fram blømeløyve.
Cloudy skies right after sunset. The light reflecting in the ocean.
En tur langs Jærkysten i går kveld.
Frå eit vindauge i Amberley til Hå Gamle Prestegard.
Takk! Fotograf er Einar Hafsahl.
«Inom mig bär jag mina tidigare ansikten, som ett träd har sina årsringar. Det är summan av dem som är ‹jag›. Spegeln ser bara mitt senaste ansikte, jag känner alla mina tidigare.»
Tomas Tranströmer.
Frå sjølvbiografien "Minnena ser mig", 1993.
- Bertrand Russel, kva trur du på?
- På mennesket sin fundamentale dumskap og moglegheita for tilbakeskritt."
"Glad norsk mann."
Månadens poet på Diktkammeret for mars er Ragnar Lillemo.
Les diktet og juryens kommentar, samt intervju med poeten her:
www.facebook.com/Helgee.offic...
Eit stort tre er både sitt eige univers, ein heilskap av mangfaldige organisk vekst og mange slags liv - og del av kloden med sitt unike bidrag som del av den større heilskapen.
UT AV BILETET?
Skal eg våga meg ut
av biletet?
Eg er jo så liten
og skjør.
Nå er det heldigvis
slik
at biletet er
som ei dør.
Vert det for gale ute
smett eg inn
og stiller meg opp
- som før.
*
Frå mi bok "Brødfanten og andre skabelonar".
Eg har laga både tekst og collage.
KLANGFREDAG
Denne akkorden
har dei jobba lenge med,
vinden og fortida
og hjarta ditt.
*
Akvarell av Kate Evans.
Ved Amberley Castle.