Har du nokon gong prøvd å kveile opp fjøra i eit slikt startapparat? Slik trur eg det kjennest å forhandle med Donald Trump.
Posts by Per Gunnar Sætre
Magnolia blues
Litt flisespikking, men kva hadde det kosta UDIR å vere litt konsekvente?
Han er 13 år. Sist han tok bussen frå Ålesund til Ørsta, ei strekning på 6 mil, for nokre veker sidan, kosta det vel 50 kr med Fram.
I går kosta same turen 255 kr med Vy. Slik skaper ein gode kollektivbrukarar
To svarttrastar i kvar sin tretopp.
Kan trastar eksplodere?
Berre ei kråke i eit tre.
Kva med det?
Ynskjer å kjøpe verdas største gravemaskin. Må kunne fraktast til Iran.
Bill.mrk. Donald
Med utsikt til ein morgon.
At det var Trump som skulle gjennomføre det grøne skiftet, det er det vel få som såg kome.
Åpen artikkel. Tankevekkande. Ikkje berre for oss gubbar, vonar eg.
Fann ut at han faktisk var open😊
Kunne tenkt meg å lese heile denne, ja.
For meg er det ein tankekross at i ei tid der ein større del av ungdomen søkjer seg til yrkesfag, er det stadig vanskelegare å overtyde dei om at kunnskap, erfaring, vurderingsevne og yrkesetikk er noko ein har, ikkje noko ein finn med KI ved behov.
Apropos tru versus tilslutnad😉
Og desse resirkulerte, svarte byttene er noko herk. Du ser ikkje botnen og du må nesten drikke vatnet sjølv for å sjekke om det har blitt forurensa på noko vis (for å seie det fint). Så no har eg kjøpt meg rosa bytter.
Mange ting konkurrerer om å vere vårens vakraste eventyr. Lamminga er ein. Men eg lurer på om mange veit kor stor del av dette eventyret det er som handlar om bering og sjekking av drikkevatn.
No får vi berre vone at ingen fortel Trump at Sudan finns, kvar landet ligg og at det er borgarkrig der. For det einaste som kan forverre katastrofen i Sudan, er vel at Donald og Pete lagar fred der.
Det verkar slik for vanlege folk, i alle fall. Når prisane aukar på drivstoff og straum og slikt, varer ein må ha uansett likevel, så får ein no mindre å bruke på andre ting, og om ein då aukar renta, så får banken meir, medan vi Jørgenane får enno mindre att. Det verkar heilt bakvendt😉
Frå fonn til fjord og opp att 😉
På yrkesfag har vi den fordelen at vi kan gi praktiske arbeidsoppdrag. Då viser det seg fort at ein vert temmeleg hjelpelaus om ein baserer seg utelukkande på KI.
Samstundes må eg vedgå at KI er nyttig for å skaffe seg oversikt over eit tema også her.
Stars, John Fullbright
I've seen stars before
I've looked up and felt empty
-
-
-
I've loved and I've been loved
I've loved and I've lost love
I've found out that love was just God Almighty
And that love burns brightly
Just like stars up in heaven
To remind us that love means
That nobody dies alone
Gladsak. Kva skal ein med praktisk erfaring og kunnskap?
For meg vert dette ein tankekross her eg sit og observerer at bankane sponsar ein stadig større del av ikkje lovpålagde oppgåver rundt om i kommunene.
Korriger meg gjerne.
Ho meiner at dette er å blande seg, og dermed Ap inn i sentralbanken sine disposisjonar, noko dei ikkje har noko med, og vil heller sikre kjøpekrafta vår med å redusere skattar og avgifter. Slik eg skjønar det, vil ho då heller at bankane skal tene på inflasjonspolitikken og la felleskapen betale.
Slik eg forstår det, er det fordi høg rente dreg inn kjøpekraft, reduserer etterspurnad og dermed prisane på varer og tenester.
Når no LO prøver å få sentralbanken til å skrinlegge planane om rentehopp i år fordi renteauke vil ete opp den framforhandla lønsauken, Kjem Sylvi på banen.
Det eg vil skrive no, kan nok, med rette, avfeiast med at eg ikkje har greie på det eg skriv om. Men likevel...
Det gjeld dette med inflasjon og renter. Vi får høyre at den overordna målsetjinga i den økonomiske politikken er å halde inflasjonen lav og at renta er det viktigaste verktyet ein har.
Eg leverte mva-oppgåva førre veke og i dag var det like før eg sende ein epost eg hadde avslutta
mva Per Gunnar
"...noko som reiser alvorlege spørsmål ved korleis forsking på konspirasjonsteoriar – og desinformasjon meir generelt – ofte har likestilt tilslutnad med tru."
Og det stiller også nokre nye, alvorlege, spørsmål
online.ucpress.edu/collabra/art...
"Budsjettrammene for spesialisthelsetenesta i ..........i 2026 medfører behov for omstilling og meir berekraftige driftsmodellar."
Første setning i malen for "Informasjonsbrev om kutt i helsetilbodet"
Som sagt, eg prøvde å finne ut litt meir om kven denne Rasmus Øvrelid var, og det vart ganske sterke saker.
kringom.no/nb/sunnfjord...
Eg fekk "Sunnmøre innanfrå" av Bjarne Rabben, ei gamal lokalhistoriebok, i fødselsdagsgåve. I den har Rabben sitert ei nydeleg lita historie frå "Sundagsfred", ei bok ein Rasmus Øvrelid gav ut på eige forlag i 1932.
Sidan har eg lese meg opp på Rasmus Øvrelid. Litt av ein lagnad.