Gyro Gearloose demonstrates the first functional version of chatgpt in June 1960. Drawing by Carl Barks.
Det er muligens ikkje alle som er klar over at Carl Barks demonstrerte den første funksjonelle alfaversjonen av chatgpt i juni 1960.
Gyro Gearloose demonstrates the first functional version of chatgpt in June 1960. Drawing by Carl Barks.
Det er muligens ikkje alle som er klar over at Carl Barks demonstrerte den første funksjonelle alfaversjonen av chatgpt i juni 1960.
Eg har berre omsett desse fire hundre sidene med teater, og ventar spent på at dei skal spele seg ut. Så kom igjen, «Oidipus and chill», som det heitte i Vagants melding av den tyske førestillinga: www.vagant.no/schimmelpfen...
«Nu kommer Netflix-teatern», skreiv Mats O. Svensson i Vagant om urpremieren på denne maraton-forestillinga i Hamburg i 2023. Når du har sett eit stykke, higar du etter meir, heldt meldaren fram. Blir det same magi og nerve over åtte timar i dei indre gemakka i Kristian IVs gate 8 på laurdag?
Heng det enno grufulle spådommar over oss? Kan vi i så fall berre prøve riste dei av oss, slik Laios, Iokaste, Ødipus med fleire gjorde? Og korleis gjekk det eigentleg med barna til Ødipus?
Ødipus (Frode Winther) og Iokaste (Gjertrud Jynge) i prøve på Antropolis, 17. mars 2026
Teaterhending! Dei jobbar hardt borte på Det Norske Teatret. Veldig hardt. Kan hende er det er det Pippi og Björn Ulvaeus som stikk seg mest fram, men på same tid vaklar dei seg no på spreng gjennom urtåka på jakt etter sivillisasjonens fødsel. Kven er vi, kvar kjem vi frå?
Eg har ikkje akkurat fulgt med på dei greiene der. Sat og tenkte på kor bra seriane til Barks er og spurte meg sjølv «skal tru om det finst eit samleverk», og 25 sekund seinare hadde eg trykt på «kjøp».
Eg betalte 3500. Det vil eg nok karakterisere som ei god gjerning frå seljaren.
Reading Carl Barks
Gjorde eit varp på nettet: Carl Barks samla verk i 30 bind. Tiåringens kommentar: Barks er jo større enn Picasso!
Foreldreliv. Eg oppdagar ein haug legofigurar liggande på bordet utan hovud og kjem med følgjande pappavits: «Er det den franske revolusjonen som har vore på ferde?» Då dette blir møtt med eit anerkjennande smil og nikk frå tiåringen, får eg kjensla av å vere i ferd med å lykkast med noko i livet.
I morgon ettermiddag møter eg Mirko Stopar til ein prat om ei av verdas klart sprøaste bøker. Mirko er ein kjennar av forfattarskapen til Roberto Arlt, vi har prøvd å få til eit møte sidan omsetjinga av «Sju galningar» kom ut for to år sidan. Og no blir det endeleg, på biblioteket i Bergen.
Bokmelding i Morgenbladet av George Eliots roman Silas Marner (Skald forlag 2025, omsett av Øystein Vidnes), med ingressen «Et lite mesterverk fra 1861 er den beste romanen gitt ut på norsk i år».
Her er eit nytt bidrag i biletsjangeren «Vanitas», ikkje for å peike på døden, men på tabloidavisa Morgenbladet og kritikar Erik Riis Mossefinn som har gjort ei vurdering som fell heldig ut for ein for lengst avdød, men smilande forfattar.
Everyday life in western Norway, drawing by Leon (6)
Leon (6) skildrar livet på vestlandet.
Død og pine, naturlegvis, dei var gode på det på 1800-talet, og gode historier og sterke kjensler. George Eliot skreiv ikkje om monster, men om heilt vanlege, tussete, pengelense eller åndsfattige, fargerike og bleike folk på eit vis som sjølvsagt var skrekkeleg nok for mange.
Kva har desse to bøkene til felles, bortsett frå at begge er skrivne av kvinner som døydde før oldeforeldrene dine blei fødde, og at eg har fått lov å transplantere dei om og puste nytt bokliv i dei, i klassikarserien til Skald?
Både eg og Yorick har fått med oss at Frankenstein i desse dagar er gjenstand for nærlesing i NRKs Leseklubben og ser med gru på at nett denne utgåva blir utsett for dissekering. Kva om dei finn nokon skjulte skavankar, kviskrar eg, eller vrakar vårt tapre språk? Yorick berre gliser.
Norwegian editions of Frankenstein by Mary Shelley and Silas Marner by George Eliot.
Død og pine, ny gammal bok i hus! Tradisjonen tru må ho ut på kontorbalkongen for fotografering. Denne gongen får ho med seg eit slitt eksemplar av Frankenstein, i lag med min glade kompanjong Yorick.
Men språket er ein bekk som nesten alltid smakar av mange slags mold. / Omsett av Øystein Vidnes
Den øyredøyvande stilla på kontoret idet ein har sendt ting i trykken. Når det er ute av hendene og skal få renne ut i verda på eiga hand? Baksida av ei komande bok.
Det skyer til. På veg til Odda, for å prate om stormannsgalskap og den sprø oppfinnaren Roberto Arlt, som på 1920-talet skreiv romanar som var ville nok til å spegle tida vi er på veg inn i. Eller? Hiv deg på bussen, så sest vi på Sentralbadet kl 15. Ok? www.litteratursymposiet.no/program/stor...
Bookshelf, Dag Solstad
Kvar dag, på veg opp trappa frå soverommet, støter eg på Dag Solstad, om eg er søvnig kan eg kome i skade for å skubbe til han med skuldra. At hans meir mobile, uføreseielege, verbalt slagkraftige og vimsete biologiske framtoning er borte, er eit tap, men i denne trappa blir han ståande.
Her på rotekontoret jublar eg over at omsetjinga mi av boka Plasticus maritimus er nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur! Gledeleg om det kan gi boka endå litt fleire lesarar, for det er eit viktig – men fascinerande! – tema. www.nbuforfattere.no/2025/02/26/d...
Litt gjentaking på min kanal, men teksten min om bokbyen i Fjærland blei eigentleg skriven på oppdrag frå den gode redaktøren i tidsskriftet Vagant, Audun Lindholm – som òg har jobba i bokbyen i si tid. Også nordens leiande kulturtidsskrift har eit hjarte for denne vesle utopien inst i ein fjord:
Ja, den er verd fleire besøk. Forresten ser eg at bokbyen i Fjærland ikkje har vore nemnt ein einaste gong på Bluesky tidlegare. Det er jo bra å få retta opp i dette. Og du blei første. Gratulerer!
Just your casual Nazi salute from Elon.
VENNETAPET måtte teksten heite, tenkte eg meg, då eg fekk høyre om sjukdommen til Øyvind og brått skjønte kor alvorleg det var. Vennetapet, måtte eg skrive, om det verste skulle skje, og det skulle vere like rasande sorgtungt, like frodande om munnen som Egil Skallagrimssons kvad om sonetapet, der han fantaserer om å reise ut i strid mot storm og hav og gudar. «Vennetapet» skulle ikkje mane fram i all si heilt uvanlege breidde kven Øyvind var, men kva han var. Kva det ville seie, ikkje kor vanskeleg, men kor umogleg det er at Øyvind er vekke, ikkje berre for meg, men for alle Øyvinds vennar, og dei var mange. Om Øyvind verkeleg skulle døy, ville eg bli rasande. Det gjekk ikkje an! Men eg er ikkje rasande. Og det gjekk an. Eg er berre i ei anna verd, ikkje «Ei verd utan hestar», som den siste, fine boka hans heitte, men ei like utenkjeleg verd, ei verd utan Øyvind Vågnes. Men verda med Øyvind, den verda der han fanst, finst framleis, som eit tenkjeleg alternativ, for dei som kjende han, ja, det mest tenkjelege. Øyvind var så mykje for mange, i tillegg til det han var for dei aller næraste, forfattar, kritikar, professor. Men for meg og ein uvanleg stor krins av menneske, var han ikkje berre ein venn, men ein som viste fram kva vennskap kunne vere, korleis det såg ut. Eg flytta inn i verda til Øyvind, eller meir spesifikt i studentkollektivet til Øyvind, den dagen Diana døydde, altså hausten 1997. Ikkje at Diana hadde det ringaste med saka å gjere, men det var som om alt i verda hadde sin plass i det ombygde tørkeloftet i Magnus Barfotsgate 11. Her fanst det plater, bøker, filmar, vin, døgnville middagar og endelause søndagsfrukostar. Og inst, på det trangaste loftsrommet, sat ein langhåra sunnmøring og visste meir om det meste enn du kunne drøyme å spørje om, likevel alltid nysgjerrig på meir, med bøkene og papira sine i sirleg orden. Han verka fylt av ei påfallande blanding av livslyst og heilt uanstrengd disiplin. Heilt umerkeleg smatt han inn og ut mellom rol…
Teksten min om tapet av Øyvind står også i Klassekampen i dag.
Svein Gjerdåker skriv svært godt og opplysande om Øyvind Vågnes som menneske og skribent i Dag og Tid:
www.dagogtid.no/samfunn/minn...
Å miste ein venn. Etter ein telefon på toget i Tyskland før jul, fekk eg brått ein tung klump i magen, ei sky over hovudet og eit tynn strime av håp som sende eit veikt lys inn i det nye året, men slokna på tysdag, då Øyvind Vågnes døydde. Klumpen og skya blir verande. Om tapet av Øyvind:
Del 3 i dokumentarserien «Tyskland på tvers», denne gongen Halle–Dresden. Hittil har ingenting gått på tverke.
Dokumentarserien «Tyskland på tvers» rullar vidare, med episode 2, Hagenow–Halle. Einsformige parti blir fylt av favorittaktivitetar: Teikning (eller teiknologi, som det heiter i femåringens vokabular) og løysing av matteoppgåver.