Du må nok dra i gang vaffelpressa, ja. 😎
Posts by FreddyBS
Heime hos gamlingane for å skrive framtidsfullmakt medan dei er nokon lunde oppegåande. Livet er veldig positivt for tida.
Løysinga er vaffelrøre.
Eg er: Eg kjøpte min første mobiltelefon (Philips Fizz) som 18-åring, fordi det var først då mobiltelefonar blei "vanleg".
Det er litt rart å tenke på at det kvite hus reagerer på ein fyr som seier at han har teleportert seg sjølv 80 kilometer, vakna opp på ein McDonalds med ein Big Mac i fanget etter eit illebefinnande i nabobutikken og har snakka med satan i Spania, men ikkje reagerer på han her...
Det er ikkje lenge før PST er på døra no.. 👀
I føljetongen "Iran eller USA?" kan vi i dag presentere Noregs mest korttenkte politikar og hennar vurdering av
A. Iran
-eller-
B. USA
Vinnar av konkurransen blir tilskriven i bladet Romantikk i juni.
Svarfrist: 30.april 2026
Lukke til.
Ser meir ut som han bestemte seg for Redbull..
Til no er dette det beste eg har å by på:
Nei, var ikke så tøff?
Hallo!!!
Og om ingen såg det, laga han då lyd?
Skal ta ein tur innom ho Ragnhild på boksjappa og spørje ho kva ho har å by på av bevinga ord frå Mimir. Berre hald deg i nærleiken av telefon eller pc eller kva du no brukar, for det kjem noko i retur her, berre vent og sjå.
Men vil Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon svare på kor mange e-postar han faktisk les, sidan han er opptatt av å presisere at han ikkje les alle..?
Eg slit rett og slett med å plukke ut nokre spicy comeback's frå Mimirs Samlede Verker til å kontre på den der.
Kom hit, så skal du møte mine HA-venner.
Eg håpar at eit NATO med ro i Europa gjer det enklare for Rutte å manne seg opp bittelitt ovanfor orangutangen i vest. Men eg held ikkje pusten..
Han trur sikkert det har noko med krabber å gjere.
...sa han, før han kom på at det ikkje er sikkert at broderfolket seier "paven" om magesekken til krabber, likevel...
Sant nok, det blir nok enklare å vere Ursula von der Leyen og Mark Rutte, men Magyar er vel framleis ein ganske konservativ fjomp.. Og det viser kanskje at vi etter kvart er villige til å utnemne sjølv den minste forbetring til ein solid siger. Noko som seier litt om det klimaet vi lev i for tida..
Er det ikkje ein MiniOrban som fekk jobben, då..? Om ein berre myser litt på det..?
Temperaturmessig er eg heldigvis framleis i sonen der eg må diskutere hardt med meg sjølv om eg i det heile må ha på meg ull eller teknisk tøy.. Og eg landar som regel på nei.
Eg er i det minste sunnfjording, sjølv om eg ikkje har eller har hatt noko jølstring i meg.
No er eg komen så langt i tankerekka at eg sit og tenker at det hadde vore fint om det berre kom 20-30 cm snø i staden.
For eg - i min ungdoms naive vår - fann jo ut at det ikkje var problemer å lage til dekkoppbevaringa 2 meter og 80 cm over garasjegolvet, i eit stativ som var litt for trangt allereie då. Og tilkomsten er via ei alt for smal og litt for kort gardintrapp. Og eg er snart 50 år gammal.
Så om vi ikkje snart får ein revolusjon innan felg (ja, eg kjenner til f.eks magnesiumfelgar), anten med bruk av karbonfiber i miks med t.d aluminium (til ein vettug pris), må eg halde fram med å sitte ved kjøkkenbordet og prokrastinere framfor å gå ut i garasjen og legge om til sommardekk.
Ironisk nok snakka vi i gamledagar om fenomenet "lettmetallfelgar", som om 15-16-17" alufelgar var å innihampen mykje lettare enn 13-14-15" stålfelgar. No er standarden 19-20-21-22" alu, og dekkdimensjonen har gått opp frå 155/80-14 til 275/45-20, og vekt pr. komplett hjul har meir enn dobla seg..
Machita høyrest forresten ut som den kvinnelege ekvivalenten til macho.
Du veit det er lenge sidan du har sett Nytt på Nytt når du ikkje ein gang har fått med deg at Pernille Sørensen har slutta.
Og samtidig veit du automagisk at du ikkje orkar Bård Tufte Johansen i det heile tatt.
Av ting verda ikkje forbereder deg på, så er det det ekstreme saknet som oppstår heilt ut av det blå når du får så inn i hampen lyst på ein klem av bornet du ikkje lenger har - og alt berre kjennest ut som ei kald klo rundt hjartet ditt.
Så klem dei medan de kan.
Og lagre den kjensla.
True med juling, køyre i fylla, svindel med buplassar og hyblar, stjele i butikkar, sex i kornåkrar.. Nesten så ein kunne mistenke at Stortinget var samansett av eit tverrsnitt av befolkninga dei skal styre for.
Eg har lagt til eit par barrierer på telefonen min no, ved å skjule appen og også kreve Face id for å opne den.
Kanskje det er dette som skal til for å bli kvitt faenskapen.. 👀
Ah.. Facebook har innført 3-sekunders reklamepause ved scrolling, for å verkeleg vaksinere meg mot å opne appen.
I love you, Zuckerberg.