Advertisement · 728 × 90

Posts by Jakob Kalvig Skogan

Tvert imot! Det er viktig norsk kulturarv med keepertabbe i avgjerande kampar.

1 week ago 0 0 0 0

Openbart at tabbekvoten tredoblast med norsk statsborgarskap. Trur vi må finne eit smutthól for å stille med utanlandsk keeper i VM...

1 week ago 1 0 0 1

Christiansen med betre ballkontroll enn heile Glimt-laget tilsaman

1 week ago 2 0 0 0

Kan vente til han faktisk er tatt ut med å spele som ein norsk landslagskeeper, Haikin!

1 week ago 4 0 0 0

Det er jo greitt nok å meine, men det er trass alt ein høveleg stor andel av befolkninga som stadig går på fylla. Så er det og ein høveleg stor andel av befolkninga som er dustar, og sikkert brukbar overlapp der, men at ein generelt ikkje skal ha tillitt til folk som drikk seg fulle er litt drastisk

2 weeks ago 0 0 1 0

Nettopp. Mimir bør straffast likt som alle andre, ikkje spesielt fordi han er stortingspolitikar.

2 weeks ago 0 0 0 0
Post image

Norske tog har 17 nye fjerntog i bestilling for bruk på 100 år gamle norske baner som blir stadig meir sårbare for ekstremvêr.

Nokon som vil tippe på om toaletta er meir robuste ved straumstans enn på Flirt?

2 weeks ago 0 0 0 0

Ok.

At eg ikkje forstår tankerekka di er heilt genuint, men du må gjerne plassere meg i bås for det.

God påske!

2 weeks ago 0 0 1 0
Advertisement

Er det éi gruppe menneske eg i alle fall ikkje har tillitt til, er det folk som _tilsynelatande_ er meir etiske og redelege enn resten av oss.

Folk som rører i fylla kan eg stole på at ikkje har store løyndommar.

2 weeks ago 0 0 1 0

Må berre beklage at eg openbert er for dum til å forstå kva du prøver å kommunisere her

2 weeks ago 0 0 1 0

I Tangens tilfelle kan det sjølvsagt hende ein vil spare litt (arbeids)tid på å ikkje ha med eigen sjåfør

2 weeks ago 0 1 0 0

Litt uklart kva du meiner med "denne måten" når du avkreftar at du trur Mimir jamleg oppfører seg slik som dette?

Dersom det å aldri røre i fylla skal vere kvalifikasjonskrav for stortingsrepresentantar blir det høveleg tynt på vallistene etterkvart...

2 weeks ago 0 1 1 0

Kva legg du i å "vrøvle i fylla", dersom du er einig med meg i at dette etter alle solemerker er eit enkelttilfelle?

2 weeks ago 0 0 1 0

Tydeleg at den siste tids lesestunder ikkje har gått nemneverdig inn på Mimir...

2 weeks ago 1 0 0 0

Mogleg eg misforstod "planlegger å gjøre det samme om og om og om igjen"?

2 weeks ago 0 0 1 0
Advertisement

Eg tenkjer det er noko bra med politikarar som deltar i debatt med vanlege folk i kommentarfelt. Det er rett å kritisere Mimir for å ikkje handtere det betre, men alle vi som har nokre Twitter-år på baken veit jo at det er lett å hause seg opp, og vanskeleg å avslutte når ein først er i gang.

2 weeks ago 0 0 1 0

Det er det jo heilt rimeleg å stille spørsmål om. Poenget mitt var berre at det blir feil å framstille det som uprovosert "eksplosjon" frå Mimir.

2 weeks ago 0 0 1 0

"Hen er stortingspolitikar" meiner eg forøvrig er eit dårleg argument i alle tilfelle. Stortingspolitikarar korkje skal vere, eller er, noko betre eller verre personar enn folk flest. Nettopp fordi dei, i eit fungerande demokrati ER folk flest.

2 weeks ago 2 0 2 0

Det er vel ganske openbert at "offeret" her har gjort ein solid eigeninnsats for å provosere, så medkjensla mi for han er høveleg inntørka. Det er noko med å tåle steken...
Så burde likevel Mimir halde seg for god for ei slik utblåsing, og det har han beklaga for.

2 weeks ago 3 0 2 0

Det er veldig lite truleg at dette er eit slags modus operandi for Kristjansson; å skjelle ut meiningsmotstandarar frå diverse kommentarfelt.

I så tilfelle hadde ikkje dette vore første gong vi fekk høyre om det. Da hadde VG hatt vekentleg følgjetong...

2 weeks ago 0 0 2 0

Endte med å bli køyrd på glattcelle, og fekk 7 timar god søvn og vassdispensar på cella. Alle andre sov i camp på eit jorde, der innetemp i telta var ca. 40⁰C kl. 5 om morgonen.

Gjett kven som var mest utkvilt dagen etter😆

2 weeks ago 1 0 0 0

I mitt fall var eg blitt kasta ut av fest like ved, og i staden for å rusle 2 km tilbake til teltet fann eg ut eg skulle ta eit bad (ref. heitebølgje).
Bada frå ei mørklagt flytebrygge, så var ikkje til særleg sjenanse, men polisen (var i Sverige) vart nok irritert på at eg ikkje drog heim.

2 weeks ago 1 0 1 0

Noko av det folk likar med Mimir er at han deltar i "vanlege" diskusjonar med folk, at han viser engasjement og er direkte. Baksida av den medaljen er at det kan koke over når han får for mykje dritt slengt etter seg. Eg vil heller ha det enn politikarar med fullstendig teflon-psyke.

2 weeks ago 0 0 0 0

Nja, det er ein diskusjonssak. Slik eg har lært det er trakassering noko som føregår over tid ("trakassering over tid" er sånn sett smør på flesk). Tilsvarande mobbing. Å klaske til nokon éin gong for så å beklage høveleg umiddelbart er uforskamma oppførsel, men ikkje trakassering i mi bok.

2 weeks ago 0 0 1 0
Advertisement

I dag er det jo slik, men på eit eller anna tidspunkt må tastaturoppsettet i hv. Sverige og Danmark ha blitt standardisert. Sansynlegvis ikkje på eksakt same tid heller, så det burde vore mogleg for den eine å kopiere den andre heller enn å gjere det motsatt.

2 weeks ago 1 0 1 0

Det må du sjølvsagt gjerne meine
bsky.app/profile/skur...

2 weeks ago 0 0 0 0

Appropos "ting vi gjer i fylla":

Har blitt sett på glattcelle etter nakenbading, og det var den beste natta på heile ferieturen.

(alternativet var kokheitt telt på eit jorde midt under heitebølgje)

2 weeks ago 0 0 1 0

Mest skuffa over at Mimir trugar med HA, når vi har RU til slikt.

Outsourcing er dårleg Raudt-politikk!

2 weeks ago 3 0 0 0

Utan Kvikk lunsj

2 weeks ago 0 0 0 0

Sjølvsagt skal dei spørre, men dei er jo ungar, så dei gjer ikkje som dei skal.

Helsing ivrig ex-godtetjuv

2 weeks ago 1 0 0 0