Advertisement · 728 × 90
#
Hashtag
#MusikkTut
Advertisement · 728 × 90
Eit måleri av tre elefantar på savanna med hovud av messinginstrument.

Eit måleri av tre elefantar på savanna med hovud av messinginstrument.

Har satt på Tutoteket sitt offisielle album. (#Lettuce - Crush, https://lettuce.bandcamp.com/album/crush )

0 0 0 0

Den kognitive dissonansen mellom kor mykje eg elskar denne songen (og videoen) og kor FUNDAMENTALT ueinig eg er i teksten: Rekordhøg.

https://youtu.be/OczRpuGKTfY

#AlltidKjøkkengjeng #NorskTut #KingsOfConvenience #MusikkTut

0 0 1 0

Jula er over, men eg nynnar framleis på "Tante Ingeborg" av Tønes. Det er som ein litt roleg, sjølvfornøgd supportarsong, berre om jula. https://www.youtube.com/watch?v=0bQ_klZRBRY - Nokon som veit kva melodien er? Er det noko fotballgreier? Folkevise?

0 0 0 0

Fint lydspor ein romjolsmorgon: Anita Skorgan - Til Ludvig https://www.youtube.com/watch?v=g5fuCc7VbXo #musikktut

0 0 0 0
Mixcloud

David Byrne si speleliste med julemusikk for folk som ikkje likar julemusikk: www.mixcloud.com/Todomundo/david-byrne-ra... #MusikkTut

1 1 2 0
Original post on tutoteket.no

Eg saknar ein norsk #YoGabbaGabba! der diverse rock, indie, punk, ska, osv.-band får kome og lage eigne låtar (tekst)tilpassa eit barnepublikum. Eg hadde elska noko slikt som #Weezer sin All my friends are insects, men frå til dømes Honningbarna eller Blomst! […]

1 0 1 0
Absolute EDB I mi oppvekst var Absolute Music ein viktig arena for å oppdage musikk. I tillegg til hovudserien med samleplater, kom dei også med nokre temaalbum, som «Love songs» og «Movie Hits». Men det kom aldri med ei plate med musikk om Internett, datamaskinar og TV-spel. Her er mitt forslag til ei slik plate, der eg har valt å halde meg til songar gjeve ut på norsk fram til Stoltenberg var askefast med iPad i 2010. 1. Prima Vera – Data-Love (1:44) (1978, YouTube) 2. Ballade! – EDB og Data (2:15) (1980, YouTube) 3. Blacken & Co – Datateknikk I (2:44) (1983, YouTube) 4. Ola Fjellvikås – Pac Man (2:49) (1986, YouTube) 5. Minus Maja – Internettside (5:28) (1997, YouTube) 6. Jupedalens Pøbb Ensemble – Skvett På Internett (2:52) (1999, YouTube) 7. Blekkulf – Datadilla (4:46) (1999, YouTube) 8. E76 – Fram og tilbake (2:56) (2001, YouTube) 9. Vassendgutane – Data (3:08) (2002, YouTube) 10. Bare Egil Band – Vedrørende Moderne Datateknologi (2:05) (2003, YouTube) 11. Øystein Sunde – Jeg Kommer Ikke På Nettet (Sånn Er’e Bare) (2:11) (2005, YouTube) 12. Ove Røsbak – Internet Rap (2005, ikkje på nett?) 13. Scandix – Kjærlighet På Internett (3:05) (2007, YouTube) 14. Gatas Parlament og Supa Sayed – Counter strike (2:54) (2008, YouTube) 15. Stensvold, Kamfjord og Dahle – Datadilbert (2:50) (2008, YouTube) Dei er presenterte i kronologisk rekkefølgje, til hjelp for dei som vil utforske korleis tematikken har endra seg i takt med den teknologiske utviklinga. Her kjem i tillegg ein bonus-CD med mobiltelefoni som tema: 1. Delillos – Mobiltelefon (3:36) (1995, YouTube) 2. Bjelleklang – Bare jeg (3:33) (1996, YouTube) 3. Vinskvetten – Forelska på mobil (4:13) (2005, YouTube) Kom gjerne med forslag til fleire songar som kan vere med på lista.

Eg har samla saman norskspråkleg musikk om EDB (o.l.) fram til 2010. Stalltips: "Skvett på internett". Noko som manglar? https://puha.no/2025/10/17/absolute-edb/ #musikktut

1 3 4 0

I dag har både #Johndoe annonsert eit nytt album, og #Gluecifer driver og hinter til at noko er på veg gjennom ei vag kampanje i sosiale medier, så 16 år gamle Andreas er kjempehappy.

#MusikkTut #NorskMusikk

2 0 1 0
Unsightly Room
Unsightly Room Provided to YouTube by TuneCoreUnsightly Room · Louis CatoReflections℗ 2023 Louis CatoReleased on: 2023-08-11Auto-generated by YouTube.

Og sjølv om bakgrunnsmusikk skal forsvinne i arbeidet, så blir eg av og til dratt inn i musikken. Som nett no, med Louis Cato sin song "Unsightly Room" https://www.youtube.com/watch?v=MnriCOAVe50 #musikktut

0 0 1 0