www.avisa-hordaland.no/eidfjord-res... #Villrein
Er det fornuftig å utrydde det naturen gir oss? #Villrein
Oslo Kiteklubb har skrive eit 60 sider langt høyringssvar mot villreintiltak.
60 sider pur egoisme.
La villreinen leva! er intervjua av NRK om saka.
Kvar vart det av respekten for fjella og dyra?
#villrein #respektfornaturen
www.nrk.no/innlandet/sk...?
La villreinen leva har skrive eit milelangt høyringsbrev til tiltaksplanane for villrein i Snøhetta, Rondane og Knutshø. Her er ei oppsummering.
#villrein #lavillreinenleva
«Villreinen har gjeve oss mat og meining i tusenvis av år. Når vi vernar villreinen, tek vi samtidig vare på mange andre artar, inkludert oss sjølve og framtida vår.» 💚🦌
La villreinen leva! med kronikk i Nationen 👇
#naturvern #villrein
Høggravid og jagd vekk frå fødeplassen, ville vi godtatt det for nokon andre? 🦌
Jan Øvregård, styremedlem i La villreinen leva, har følgd reinen i Hellevassfjellet i årevis. Han ser det med eigne auge: Reinen skyr folk. Turisttrafikken jagar dei vekk frå dei beste beita.
#villrein
Har skrive kronikk med Bjarte Hestdalen om villrein, redningsplanar, pengar og departemental sjølvkritikk.
#villrein
Kvifor lagar Klima- og miljødepartementet tiltaksplanar for villreinen som dei ikkje trur på sjølve? Dette spørsmålet stiller leiar og nestleiar i La villreinen leva!
#villrein
Anti-reklame for allemannsretten?
UT.no reklamerer for ein tur tvers gjennom eit av dei raudaste villreinområda – utan å nemne villreinen med eitt ord. Denne typen reklame viser kanskje at allemannsretten er passé?
#respektfornaturen #villrein
«Villreinen kan gjeva oss nyttige perspektiv. Arten peiker ut nokre av dei største problema samfunnet vårt skapar: Arealendringar, klimaendringar, overforbruk. Naturen er meir verdt kvadratmeter for kvadratmeter enn det vi kan utvinne ved å forbruke han. Å ta vare på villreinen handlar om respekt for naturen og livet. Om vi klarer å ta vare på villreinen i eit langt perspektiv, trur eg vi menneske òg vil få betre og meir meiningsfulle liv.» Guri Sørumgård Botheim Nestleiar La villreinen leva!
«Villreinen peiker ut nokre av dei største problema samfunnet vårt skapar: arealendringar, klimaendringar, overforbruk.»
– Guri Sørumgård Botheim, nestleiar i La villreinen leva!
📷 Benedikte Skarvik
#villrein
I dag skreiv ordførarane i Lesja og Dovre under på at villreinen er Norge sitt nasjonaldyr.
#villrein #nasjonaldyr
Har skrive om villrein, arealendringar og verdiar i avisa GD. www.gd.no/villreinen-h...
#naturvern #villrein #rein #stortingsmelding #tamrein