Kva kan ein mobilfri bytur for 13-åringar føre til? Mellom anna at dei på ferja les nynorskavisa #DagOgTid, om sosiale medier og aldersgrenser. Med stor interesse. 👏🏾 til meg sjølv for å skape framtidas ungdom.
I tillegg må Tyskland bruke enormt mykje pengar på å ruste opp militært, sidan det no er offisielt at dei ikkje kan stole på USA og Donald Trump, om han er aldri så mykje av tysk familie (farfaren og farmora utvandra frå Kallstadt i Rheinland-Pfalz og bygde seg opp på bordellverksemd i Klondyke).
Dag og tid er ei bra avis med overraskande informasjon. I ein artikkel om tysk økonomi kom det ein interessant parentes. #dagogtid
Såg «#Kneecap» i dag – den pseudobiografiske filmen om den irsktalande rapgruppa med same namn. Gøyal greie!
I grove trekk samd med Brit Aksnes i #DagOgTid: www.dagogtid.no/meldingar/sex-dop-og-spr... #FilmTips #NynorskTut
Ein av grunnane til at eg framleis betaler for #DagOgTid er at dei slepper Ida Lødemel Tvedt fri med opptakar og skarpe spørsmål i den postesovjetiske smeltedigelen i USA for å diskutere Putin og Ukraina, og spørje dei kvifor dei likevel stemte Trump. Delelenke […]
"Auken i sjukefråværet sidan 2019 er ikkje noko særnorsk fenomen. Og med dette på plass kan vi kaste eit nytt blikk på det norske ordskiftet om sjukefråværet – og diagnosane frå sjeflegen i Nav."
#PerAndersTodal #DagOgTid
#sykefravær
www.dagogtid.no/samfunn/ei-s...